Om oss
Bærekraft Hallingdal er eit kompetansemiljø for berekraft på Torpomoen, Ål i Hallingdal.
Kven er vi?
Hovudmålet vårt er å etablere Hallingdal som ein grøn region gjennom kunnskapsdeling og konkrete tiltak. Dette legg grunnlaget for ei satsing på berekraftige løysingar for kommunane, næringslivet, reiselivet og innbyggjarane – og for utviklinga av nye, berekraftige arbeidsplassar i regionen.
Kva gjer me?
Bærekraft Hallingdal skal bidra til at regionen tek ein nasjonal posisjon i det grøne skiftet – gjennom utvikling av løysingar og praksisar som både styrker vår konkurransekraft og gir overføringsverdi for andre. Samstundes skal satsinga fremje samarbeid mellom kommunane og næringslivet i Hallingdal.