Støtte til løypelag – med bonus til klimavennlege løysingar

67 løypelag i Hallingdal og Valdres får til saman 1,5 millionar kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen Hallingdal Valdres

Nytt i år er at løypelag som tek berekraftsgrep får inntil 20 prosent meir i støtte. Det kan vera ved å til dømes:

❄️Bruke mindre bensin og diesel ved å endre kor ofte og kvar ein tråkkar

❄️Bytte til mer klimavennlege tråkkemaskinar og skutarar der det er mogleg

❄️Bruk av miljøvennlege materialar til å byggje og vedlikehalde løypene kan redusere miljøpåvirkninga

❄️Gjenopprette eller ta vare på naturlege habitatar langs løypene

❄️Sortering av avfall

Relaterte artikler